Haukelirennet er eit turrenn på Haukelifjell. I år blir det arrangert som eit virtuelt renn, og du kan gå når du vil i perioden 5. april til 18. april 2021. Rennet går i fristil. Startnummer og årets Haukelirennlue blir sendt i posten etter påmelding.
Haukelirennet 12 km er er distansen på Ungdomsrennet. Ungdomsrennet går vanlegvis i den kjende "Smørvikrunden" på Haukelifjell. Haukelirennet 12 km er i år ope for alle som ynskjer å gå denne distansen - ungdom eller ei. 12 km kan gjennomførast på ein tur, eller delast opp på fleire turar.
Dette er eit renn på eige ansvar og me oppfordrar til å halde ein meter avstand og ikkje reise unødvendig. Hugs at du kan gå der du er.