Bergen FjordTur er ein turmarsj på ca. 26 km. Traseen går frå Bryggen i Bergen(Thon Hotel) til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (16km). Det er ingen tidtaking på turen.